Reinhaldar

STRANDA UNGDOMSSKULE· Møre og Romsdal· EURES· опубліковано 07.08.2026

Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring er ein 8-10. skule med ansvar for grunnskuleopplæringa for om lag 130 elevar. Skulen ligg i Stranda tettstad og var ferdig totalrenovert våren 2013.

Strandahallen er ein kommunal idrettshall i full storleik, handballbane og tribuner. Hallen er av eldre årgang, garderobeanlegget vart rehabilitert i 2013.

Vi har ledig vikariat som reinhaldar:

  • 100% stilling ledig frå 1. september 2026 - 31. desember 2026
  • VIkariatet kan bli forlenga
  • Gjensidig oppseiingstid på 1. månad.
  • Primært ynskjer vi tilsetting i 100% stilling, men stillinga kan eventuelt delast på fleire personar. Opplys i søknaden kva stillingsstorleik du søkjer på.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle kandidatar kan bli innkall til intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil vere dagleg reinhald i lokala til Stranda Ungdomsskule.
  • Nedvask av skulen i samband med feriar er lagt inn i stillingane.
  • Arbeidstid er i hovudsak på ettermiddag og kveld, frå kl. 14.00.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i reinhaldsfaget er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Gjerne erfaring frå tilsvarande arbeid.
  • Opplæring blir gitt

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig, påliteleg og sjølvstendig
  • Samarbeidsvillig og fleksibel
  • Må klare å kommunisere godt på norsk, anbefalt munnleg på B1 nivå, skriftleg på A2 nivå.
  • Må tole å stå i eit fysisk arbeid over tid.

Vi tilbyr

  • Lønn etter regulativ med tillegg for arbeid på kveldstid (etter kl. 17:00)
  • Føreseieleg og strukturert arbeidskvardag etter gjeldande reinhaldsplan.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

KontaktinformasjonPaul Ivar Pedersen, Rektor, +47 46411100 ArbeidsstadHevsdalsvegen 50 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5161905162 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 23.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.