Leikeressurs

VIKEDALEN BARNEHAGEMøre og RomsdalEURESpublicada em 27/08/2026

Vi inviterer ungdom i 9. og 10.klasse til å søkje på eit engasjement som Leikeressurs ved Vikedalen barnehage frå medio september og ut 2026.

Arbeidstida er 15.00 - 16.30 måndag, onsdag og fredag.

ArbeidsoppgåverDet viktigaste for stillinga er at ein har evne og vilje til å vere ein leikeressurs som er aktiv i lag med barna i leik og anna aktivitet. Leikeressursen må like å vere ute i all slags vér, samstundes som det og vert ein del leik inne. Dette vil variere frå dag til dag.Kvalifikasjonar

  • Like å vere aktiv, engasjert og å leike i lag med barn i barnehagealder.
  • Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato.

Personlege eigenskapar

Engasjert

Omsorgsfull

Leiken

Pliktoppfyllande

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer, kjekke barn og triveleg arbeidsmiljø
  • Ein fin måte å bli kjent med arbeidslivet og arbeidskvardagen i barnehagen.
  • Lønn etter kommunalt regulativ

Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

KontaktinformasjonSteinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadGråurvegen 2 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5170201156 Stillingsprosent: 12% Engasjement Startdato: 14.09.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 08.09.2026

Om arbeidsgiveren:

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylvenher