Rektor - Ågotnes skule

Øygarden kommune Kommunalsjef OppvekstØygardennavfeedveröffentlicht 12.10.2026

Ågotnes skule er ein barneskule med 240 elevar og om lag 45 tilsette. Skulen sin visjon er: «Ågotnes skule – ein god stad å vere, ein god stad å lære».  Gjennom denne visjonen har skulen vektlagt lesing som satsingsfelt i fleire år og arbeidd systematisk med å vidareutvikle eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø på skulen. Ågotnes har mellom anna vore med i ein pilot om utprøving av programmet SUPER! og har blitt sertifisert som ein Dysleksivennleg skule. Arbeidet i SFO er ein viktig del av det heilskaplege arbeidet på skulen. Skulen har nynorsk som målform. Som namnet tilseier så ligg skulen på Ågotnes , om lag 30 minutt køyring til Bergen sentrum, og bussterminal like ved skulen. Arbeidsoppgåver: Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i lag med leiarteamet Økonomiansvar  Forvaltningsoppgåver  Overordna personalansvar  Utvikle skulen som ein lærande organisasjon  Samarbeide med politisk og administrativt nivå  Samarbeid med andre instansar  Kvalifikasjonar: Må ha: Godkjent lærarutdanning Leiarerfaring frå grunnskulen Kompetanse om leiing av dei tilsette si læring og utvikling Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Digital kompetanse er naudsynt for stillinga Ønskjeleg med: Relevant leiarutdanning  Erfaring innan personalleiing og økonomistyring  Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging Vi ser etter deg som:  Er tydeleg, løysningsorientert og har fokus på organisering  Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede  Har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar  Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring  Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her

Ansprechpartner

Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.