Fagarbeidar/elevrettleiar

Vest-Telemark vgs tilrettelagt opplæring, Telemark FylkeskommuneTokkenavfeedveröffentlicht 17.10.2026

Über das Unternehmen

Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune

Aufgaben

Vår visjon er: Alle kan, me hjelper deg fram. I denne stillinga skal du samarbeide om tett oppfylging av elevar som som har indivduelt tilrettelagt opplæring på AHT-avdelinga eller for elevar på dei andre avdelingane som treng støtte i skulekvardagen. Det betyr at du skal vere ein trygg og god vaksen, ein god rollemodell for elevane og du skal gjere deg kjent med tilretteleggingsbehovet for elevane, for å samarbeide med faglærarar, kontaktlærar og leiinga til beste for eleven og skulen.

Til stillinga vil det ligge ansvar for opplæring i ADL-ferdigheiter, planlegge og utføre praktisk arbeid saman med elevar og å delta i variert fysisk aktivitet inne og ute gjennom heile året.

Stillinga ligg til avdeling for tilrettelagt opplæring, men du må vere førebudd på å fylgje opp elevar på alle programområda vi tilbyr:

  • Utføre oppgåver som er planlagt av faglærar for elevar som treng ekstra støtte i fag
  • Delta i planlegging og ansvar for gjennomføring av praktiske arbeidsoppgåver
  • Som arbeidstrening saman med elev utføre manuelt arbeid ute og inne, som snørydding, vedproduksjon, rydde kvist, arbeid med dyr og liknande.
  • Følgje opp elevar som skal øve på aktivitetar i dagleglivet, herunder også fysisk trening ma. bassengaktivitetar
  • Følgje opp elevar som treng støtte i skulekvardagen av årsaker knytt til fysisk og/eller psykisk helse
  • Følgje opp avtaler som er gjort rundt enkeltelevar og klasser
  • Støttefunksjon i undervisning på yrkesfag både i teknologi- og industrifag, elektrofag og helse- og oppvekstfag

Anforderungen

Du må ha fullført vidaregåande skule Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar Det er ynskjeleg av du har spesialpedagogisk utdanning frå fagskule

Erfaring Du bør ha erfaring med opplæring og/eller tilrettelagt arbeid for ungdommar eller vaksne personar

Du bør

  • Like å vere saman med ungdommar
  • Vere god på kommunikasjon og vere ein god lyttar og samtalepartnar.
  • Ha gode samarbeidsevner - like å jobbe i team
  • Vere løysingsorientert, fleksibel og kunne takle uføresette hendingar i skulekvardagen, og kunne tilpasse arbeidet ut frå dette.
  • Vere kreativ og nevenyttig og like å utføre praktisk arbeid
  • Like å vere i fysisk aktivitet ute og inne til alle årstider

Wir bieten

Personlege eigenskapar blir vektlagt I denne stillinga har du rett på ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tjenestepensjonar berre blir utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du også medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank-, forsikring- og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)

Bewerbung

Birgit Johanne K. Olsnes, Avdelingsleder undervisning, 46902166

Sonstiges

Vi treng fleire folk på laget vårt og har ledig stilling som elevrettleiar. Stillinga er eit vikariat fram til 1.november 2027 og fyller 70% (62,3%). Du jobbar alle dagar heile veka (26 t/v), men har fri i alle helger og i elevane sine feriar med unntak av 5 planleggingdagar i løpet av skuleåret.

Arbeidssted Storvegen 195 3880 Dalen

Referansenr.: 5195498759 Stillingsprosent: 70% Vikariat Startdato: 09.11.2026 Sluttdato: 29.10.2027 Søknadsfrist: 30.10.2026

Ansprechpartner

Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.

  • Birgit Johanne K. OlsnesAvdelingsleder undervisning46902166