Kokk, fagarbeidar kjøken i 90% stilling

TORSHUS FOLKEHØGSKULE STIOrkland, Trøndelag/Trööndelagenavfeedveröffentlicht 09.09.2026
Diese Stelle ist nicht mehr ausgeschrieben
Die Quelle hat die Anzeige entfernt — eine Bewerbung über den ursprünglichen Link ist nicht mehr möglich.

Vil du vere med og skape gode måltidsopplevingar og triveleg miljø for elevar, tilsette og gjester ved Torshus folkehøgskule? Vi søker ein engasjert og serviceinnstild kokk/fagarbeider kjøken i 90 % fast stilling.

Hva vi ser etter

Fagbrev som kokk er ynskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

Erfaring frå storkjøkken, kantine eller liknande verksemd er ein fordel

Kjennskap til IK-mat og hygienerutinar

Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Stillinga krev godkjend politiattest.

Vi søker deg som er positiv og serviceinnstilt, liker å arbeide med menneske, er fleksibel og løysingsorientert, tek ansvar og arbeider strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgaver

Matlaging og tilrettelegging av måltid for elevar, tilsette og gjester

Dagleg drift av kjøkenet

Oppvask, reinhald og etterleving av rutinar for hygiene og mattryggleik

Bestilling og handtering av varer

Deltaking i planlegging av menyar

Utleigeverksemd utanom skoleåret

Klargjering og vedlikehald av internat og andre fellesområde

Andre førefallande oppgåver ved behov

Arbeidet inngår i turnus, med arbeid kvar tredje helg.

Vi tilbyr

Ei variert og meiningsfull stilling i eit levande folkehøgskolemiljø

Eit inkluderande og godt arbeidsfellesskap

Varierte arbeidsoppgåver gjennom året

Løn etter tariff

Arbeidsåret er noko komprimert og fyljer i hovudsak skoleåret. I periodar utanom skoleåret vil det vere varierte arbeidsoppgåver knytt til utleigeverksemd og klargjering av internat.