Helsesjukepleiar
Über das Unternehmen
I helsestasjonstenesta har vi no ledig 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i kommunalområde livsløp som består av tenesteområda Helsetenester, Pedagogisk fagsenter og Helsestasjon og ressursbase som også inkluderer flyktningtenesta. Saman med oss skal du vere med å levere gode tenester til barn, ungdom og deira føresette i Haram kommune.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med mål om gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarane våre. Helsestasjonen er ei teneste for barn og unge 0-24 år.
Arbeidsgivar: Haram kommune
Aufgaben
Arbeidsoppgåvene er heimla i lov om kommunale helse- og omsorgstenester og omfattar helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom
- Rettleiing til barn og unge, samt foreldre og kollegaer
- Individuelle samtalar
- Heimebesøk
- Samarbeid med andre tenester
- Dokumententering i aktuelle system
- Ein må rekne med noko reiseaktivitet, og eigen bil må påreknast brukt i tenesta
Anforderungen
Ein føreset at den som vert tilsett kan stadfeste sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Personleg bank-ID eller ID-porten må kunne nyttast som alternativ pålogging i ulike digitale løysingar ved behov.
Kvalifikasjonar
- Godkjent helsesjukepleiarutdanning (sjukepleiarar under vidareutdanning som helsesjukepleiar kan søkje)
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- Relevant kompetanse ift. arbeid med psykisk helse blant barn og unge er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt stor vekt på at ein er personleg eigna og vi ynskjer ein god lagspelar
- Ha gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Gode evner til å oppnå kontakt og skape gode relasjonar til andre
- Ha evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig
- Er utviklingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
- Har vilje og interesse for utvikling av organisasjonen
- Likar å arbeide tverrfagleg og i tett samarbeid med andre instansar
Wir bieten
- Meiningsfylt og interessant arbeid i eit triveleg miljø i stadig utvikling
- Utfordrande oppgåver i ein organisasjon med stort potensiale og kompetente kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg
- Løn etter avtale
- Pensjons og forsikringsordningar gjennom KLP
Bewerbung
Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no
Sonstiges
Arbeidsstad Strandgata 6270 BRATTVÅG
Referansenr.: 5193133970 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 15.11.2026 Søknadsfrist: 06.11.2026
Ansprechpartner
Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.
- Laila GryttenTenesteleiar41248725laila.grytten@haram.kommune.no