Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenestaSurnadalnavfeedveröffentlicht 15.09.2026

Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling ("ringevikarar").

Behovet kan vere størst på helg, men vi kan og ha noko behov i vekedagane.

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.

Du kan vere tilkallingsvikar som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller assistent og arbeidet passar t.d. godt for deg som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning, eller kanskje har lyst til å prøve ut arbeidet før du vel ei utdanning i eit helse- og omsorgsyrke. Ut frå brukarbehova har vi behov for menn ved nokre tilbod og kvinner i andre. Det er ein fordel å ha førarkort kl.B.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid. Hos oss får du:

  • opplæring og veiledning
  • kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • studentavlønning jf. reglane i personalplanen
  • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø

Link til søknadsskjema: Søk her

Ansprechpartner

Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.