Helsefagarbeidar i fast 70% stilling, f.t aften/natt
Vil du vere med og skape gode og meiningsfulle tenester for menneske med behov for støtte i kvardagen? Vi har ledig fast 70% stilling for helsefagarbeidar med arbeid hovudsakleg på aften og natt. Stillinga er knytt til tenester for personar med ulike bistandsbehov der tryggleik, fagleg kvalitet og gode relasjonar står sentralt. Arbeidsoppgåver: Oppfølging og praktisk bistand til tenestemottakarar Miljøarbeid og målretta fagleg oppfølging Dokumentasjon i elektroniske fagsystem Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre vi samarbeider med Bidra til tryggleik og gode rutiner Kvalifikasjonar: Fagbrev som helsefagarbeidar er ønskeleg Relevant erfaring frå helse- og omsorgsarbeid kan kompensere for manglande formell utdanning Gode norskkunnskapar, både muntleg og skriftleg Førarkort kl.B Personlege eigenskapar vi sett høgt og legg vekt på: Å være trygg, stabil og ansvarsbevisst Ha evne til å arbeide sjølvstendig og i stand til å gjere gode faglege vurderingar Vere positiv bidragsytar til eit positivt miljø på arbeidsplassen At du er fleksibel og finn løysingar Tilsettingsvilkår: Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart. Du må ha førarkort kl.B. Hos oss får du:
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
Link til søknadsskjema: Søk her
Ansprechpartner
Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.
- Rakel Polden+47 48054672rakel.polden@surnadal.kommune.no