2.gongs utlysing av Avdelingsleiar i heimesjukepleien

Suldal kommune Suldal heimetenesteSuldalnavfeedveröffentlicht 15.10.2026

Heimetenestene i Suldal kommune søkjer vikar som avdelingsleiar for heimesjukepleien i 100 % stilling, i perioden frå snarast og fram til 31.08.2027. Unde heimesjukepleien ligg også praktisk bistand og dagsenterdrift. Avdelingsleiar har personal- og fagleg ansvar for tilsette i avdelinga, og er ein sentral del av leiargruppa i eininga. Interne vert oppmoda til å søkje, og kvalifikasjonsprisippet vert fulgt.

Om oss

Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og er delt i to hovudavdelingar - Heimesjukepleien (inkl Praktisk bistand og Dagsenterdrift) og Psykisk helse (inkl ROP-teneste, tildelingskontor, Demenskoordinator, ergoterapeut, Barne-og familieteam og Barnekoordinator). Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 55 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år +, heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp».

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar for dei tilsette i avdelinga.
  • Dagleg drift i avdelinga.
  • Oppfølging av sjukemelde
  • HMS-oppfølging/ansvarleg i avdelinga; ansvar for arbeidsmiljø og arbeidsforhold
  • Medarbeidarsamtalar i avdelinga.
  • Ansvar for at det skjer fagleg utvikling i avdelinga, herunder å planlegge og kalle inn til internundervisning, halde oversikt over kompetansebehov, og samarbeide tverrfagleg ved behov, både internt og eksternt.
  • Opplæring av nytilsette – avklare opplæringstider og bruke «opplæringshefte for nytilsette».
  • Turnusarbeid
  • Følgje opp satsingsområda for heimetenesta, jf. Gode pasientforløp, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi og andre tiltak som bidrar til auka sjølvstende i eigen heim.
  • Ta medansvar for organisering innflytting og drift av Vinjarheim bukollektiv

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, eventuelt annan relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning.
  • Relevant erfaring frå heimetenesta eller annan kommunal helse- og omsorgstjeneste.
  • Erfaring med leiing, koordinering eller fagansvar er ein fordel.
  • Kjennskap til turnusplanlegging og arbeidstidsbestemmelser.
  • God digital kompetanse, gjerne erfaring med elektronisk journalsystem.
  • Gode norskkunnskapar, muntleg og skriftleg.
  • Politiattest må leggast fram før tilsetjing, jf. krav i helse- og omsorgstenestelovgivinga.

Vi søkjer deg som

  • Er tydeleg og trygg i leiarrolla, og god på å byggje relasjonar.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig.
  • Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ i ein hektisk arbeidsdag.
  • Har interesse og engasjement for fagleg utvikling og kvalitetsarbeid.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande leiaroppgåver i eit godt fagmiljø.
  • Løn etter avtale / gjeldande tariffavtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Ein arbeidsplass med fokus på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.
  • Ein del av ei engasjert leiargruppe i eininga.

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
  • Vedlegg: CV, relevante vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Vitnemål og attestar må lastast opp som vedlegg, og vil bli brukt ved eventuelt intervju.
  • Treng du hjelp, kan du kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.

Link til søknadsskjema: Søk her

Ansprechpartner

Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.