Fysioterapeut 100% i Oslo

Rehabiliteringssenteret AiR, OsloOslonavfeedveröffentlicht 12.10.2026

Rehabiliteringssenteret AiR Oslo

Fysioterapeut

Fast stilling 100 %

Ved vår avdeling i Oslo skal vi januar 2027 starte eit nytt rehabiliteringstilbod for personar med langvarige muskel- og bløtdelssmerter. Stillinga vil primært vera knytt til det tilbodet.

Arbeidsoppgåver:

Klinisk smertekartlegging og vurderingssamtalar

Leie varierte undervisning- og treningsaktivitetar i gruppe

Bidra med observasjonar inn i det tverrfaglege teamet

Særfagleg oppfylging ved behov

Bidra i utviklingsarbeid

Vi ser etter desse kvalifikasjonane /eigenskapane:

Klinisk erfaring frå smertebehandling-/rehabilitering er ønskeleg

Blikk for tverrfaglgege funksjonsvurderingar

Norsk autorisasjon som fysioterapeut

Tilleggsutdanning eller erfaring innan PRT (Pain Reprosessing Therapy) og kognitiv åtferdsterapi er ønskeleg

God kommunikasjon- og samarbeidsevne

Interesse for å ta i bruk nye teknologiske verktøy i samband med undervisning/aktivitet

Personlege eigenskapar vert vektlagde

Vi tilbyr:

Eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø

Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Arbeidstid, dagtid på kvardagar

Konkurransedyktige løns- og personvilkår

For meir informasjon, kontakt:

Fysioterapeut/prosjektleiar for nytt smertetilbod: Hugo Øren, tlf. 35 06 20 86, hugo.oren@air.no

Klinikkleiar AiR Oslo: Guri Sogn-Larssen, tlf. +47 414 33 433, guri.sogn-larssen@air.no 

Søknadsfrist: 1. november 2026.

Søk på stillinga: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/

Ansprechpartner

Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.