Psykolog i poliklinikk
Vi har ledig ei vikariatstilling for psykolog i Rus- og avhengigheitsklinikken sin poliklinikk i Engenhuset. Poliklinikken i Engenhuset har eit solid og unikt fagmiljø i nasjonal og internasjonal samanheng. Vi arbeider metodisk og systematisk med behandling gjennom vekentleg tverrfagleg rettleiing i team, og samarbeider med fleire solide forskningsmiljø. Rettleiinga går føre seg i team beståande av psykologspesialist og psykolog, spesialist i rusmedisin, psykiater, sosionom og vernepleiar. Sektorteamet har tett samarbeid med Betanien og Voss DPS, i tillegg til mellom anna primærhelsetjenesta. Vi har nyleg utvikla eBehandling for pengespelavhengigheit, og skal også ta i bruk eBehandling for alkoholavhengigheit. Poliklinikken held sentralt til i heilt nye sentrale lokaler i Håkonsgaten 1 saman med fleire andre seksjoner i Rus- og avhengigheitsklinikken. Det er kort avstand til kollektivtransport. I poliklinikken er det 36 tilsette, av desse er 13 psykologspesialistar, 6 psykologar og 5 legar. Den tverrfaglege bemanninga består elles av erfarne sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar og musikkterapeut, samt merkantilt tilsette. Ein sosionom i kvart team tek ansvar for sosialfaglege oppgåver, slik at terapeutane kan ha hovudfokus på terapi og endringsprosessar. I tillegg samarbeider teama med jobbkonsulentar (IPS), som har fokus på å hjelpe pasientar som ønskjer det inn i ordinært, lønna arbeid. Stillinga er ledig frå 4. januar 2027.
Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av rusavhengige, ofte ROP-tilstandar Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa Individualterapi og gruppeterapi
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som psykolog Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Erfaring med arbeid innan rusbehandling, psykisk helsevern eller fengsel/ kriminalomsorg vil vere ein fordel Personlege eigenskapar Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar Det blir lagt særleg vekt på personleg egnethet Vi tilbyr Lønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå og engasjement Fagleg og personleg utvikling Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Erlend Wittrup Djup, Seksjonsleiar, +47 90027883 Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5184392907 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 23.10.2026
Ansprechpartner
Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.
- Erlend Wittrup DjupSeksjonsleiar+47 90027883