Vikariat 100 % i Rus- og psykiatritenesta, døgnteneste
Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø? Vi søkjer ein dyktig og omsorgsfull medarbeidar til eit 1-årig vikariat i vår rus- og psykiatriteneste. Vikariatet er knytt til permisjon og gir ei unik moglegheit til å arbeide i eit spennande fagfelt med stor variasjon i arbeidsoppgåver og tett oppfølging av brukarar i deira eige heimemiljø. Hos oss møter du engasjerte kollegaer, høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling, samarbeid og kvalitet i tenestene. Arbeidsoppgåver Oppfølging av brukarar i eigen bustad Medikamenthandtering Boveiledning og støtte i daglege gjeremål Planlegging og gjennomføring av aktivitetar Støttesamtalar og miljøterapeutisk arbeid Journalføring og dokumentasjon Observasjon og oppfølging av psykisk og somatisk helse Samarbeid med pårørande og interne og eksterne samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar Erfaring frå arbeid med personar innan rus- og psykisk helsefeltet Kjennskap til journalsystemet CosDoc, inkludert utarbeiding av arbeidslister God skriftleg og munnleg framstillingsevne Førarkort klasse B Utdanningskrav: Sykepleier, Bachelor i psykologi, Vernepleier, sosionom Relevant fagbrev med videreutdanning innan rus og psykisk helse. Personlege eigenskapar Vi ønskjer ein medarbeidar som: Er trygg, tydeleg og relasjonsbyggjande Arbeider sjølvstendig og tek ansvar Har gode samarbeidsevner Er løysingsorientert og fleksibel Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø Har evne til å møte menneske med respekt, varme og fagleg tryggleik Vi tilbyr Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit viktig samfunnsoppdrag Eit fagleg sterkt miljø med engasjerte kollegaer Varierte arbeidsdagar og utfordrande arbeidsoppgåver Moglegheit for fagleg utvikling Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, humor og støtteGratis parkering Konkurransedyktig lønn Gode forsikrings- og pensjonsordninger (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt) Bedriftsidrettslag Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider Ordning med dekning for behandling fysioterapeut og kiropraktor Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lov- og avtaleverk Kontaktinformasjon Ingeborg Røthe Lekve, Avdelingsleder, 45721377, ingeborg.rothe.lekve@klepp.kommune.no Arbeidsstad Olav Hålandsveg 2 4351 KLEPPE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5184370763 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 03.01.2028 Søknadsfrist: 19.10.2026
Ansprechpartner
Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.
- Ingeborg Røthe LekveAvdelingsleder45721377ingeborg.rothe.lekve@klepp.kommune.no