50 % driftstilskot for manuell terapeut

Fysio-/ergoterapi, Gloppen kommuneGloppennavfeedveröffentlicht 08.09.2026

Ledig driftstilskot for fysioterapeut    Gloppen kommune har ledig eit 50 % driftstilskot for privatpraktiserande fysioterapeut. Driftstilskotet er knytta til Firda fysikalsk medisinske senter. Som innehavar av driftstilskotet yter du helsefremmande og rehabiliterande fysioterapitenester til kommunen sine innbyggjarar, i samarbeid med andre fysioterapeuter i kommunen.  Fysioterapeutane tilbyr tenester lavt nede i Innsatstrappa som del av ei framtidsretta helseteneste.  Arbeidsoppgåver Yte helsefremmande og rehabiliterande fysioterapitenester til kommunen sine innbyggjarar  Drive sjølvstendig praksis i tråd med gjeldende lover, forskrifter, ASA 4313 og kommunale føringar  Delta i faglege møtearenaer og utviklingsarbeid  Bidra til eit godt samarbeid med øvrige fysioterapeuter, kommunehelsetenesta og fastlegar  Vere med på å sikre eit heilheitleg og tilgjengeleg fysioterapitilbod i kommunen  Kvalifikasjonar Krav om norsk autorisasjon som fysioterapeut. Oppgje HPR nummer i søknaden.  Masterutdanning som manuell terapeut.  Erfaring frå privat praksis og/eller kommunal fysioterapiteneste.  Ynskjeleg med ultralyd kompetanse. Personlege eigenskapar Trygg og profesjonell i møte med pasientar  Engasjert og fagleg oppdatert  Samarbeidsorientert og samtidig sjølvstendig, og bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet  Løysingsorientert og fleksibel  Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner  Trivast med sjølvstendig arbeid og har gode evne til å strukturere eigen praksis  Vi tilbyr Om gruppepraksisen:   Driftsavtala er ein etablert 50 % heimel tilknytta  Firda fysikalsk medisinske senter, ein veletablert praksis med brei kompetanse. Det er 3 driftsheimlar tilknytta gruppepraksisen.   Ein etablert og moderne praksis med gode fasilitetar  Stabil pasienttilgong Eit hyggjeleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø  Gode utviklingsmoglegheiter og samarbeid med kommunen  Gode rammer for vidareutvikling av tilbodet For avtaleheimelen gjeld:  Tildeling skjer etter forskrift om kvalitet i kommunale fysioterapitjenester og ASA 4313. Kriterie som fagleg kompetanse, erfaring, personlege eigenskapar og kommunen sine behov vert vektlagt. Privatpraktiserande fysioterapeuter med kommunalt driftstilskot er ein del av helse- og omsorgstenesta i kommunen og plikter å utøve si verksemd i nært samarbeid med kommunen og øvrige helsepersonell når det gjeld målgruppe, prioritering og behandlingstilbod. Praksis skal drivast i henhold til lov om helse- og omsorgstenester, forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale og avtaleheimelen er regulert av ASA 4313 slik den til einkvar tid står.   Vitnemål og attester skal ikkje oversendast, men takast med ved evt. intervju  Godkjent politiattest etter heimel i helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 må fremleggast før ein tek til i stillinga. Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre ansatte skal gjenspegle befolkninga forøvrig.  Vi oppfordrer alle som er kvalifisert til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.   Kontaktinformasjon Jannike Felde, Avdelingsleiar fysioterapi/ergoterapi, +47 95828896 Arbeidsstad

6823 Sandane Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5152301964 Stillingsprosent: 50% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 01.10.2026

Ansprechpartner

Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.

  • Jannike FeldeAvdelingsleiar fysioterapi/ergoterapi+47 95828896