Sjukepleiar
Über das Unternehmen
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi arbeidar for fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktiviteter.
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Aufgaben
- Ulike faglege prosedyrar
- Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar
- Arbeide etter behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
- Dokumentasjon i Helseplattformen
- Praktiske oppgåver i seksjonen
- Bruke "Kompetanseportalen" aktivt for å vedlikehalde kompetanse
Anforderungen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Må ha gode datakunnskapar
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, men også god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre
- Du er ein god bidragsytar arbeidsmiljø
- Du kommuniserar godt både internt og eksternt
- Du taklar raske omstillingar
- Du evnar å sette deg inn i nye, digitale løysingar
- Du har god arbeidshelse og trivast med å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Wir bieten
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Bewerbung
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Eline Gammelsæter, Seksjonsleiar, Eline.Gammelseter@helse-mr.no
Sonstiges
Vil du vere med på laget vårt? Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig 80% stilling som sjukepleiar, med arbeid kvar 3.helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Arbeidsstad Nøisomhedvegen 12 6416 Molde
Referansenr.: 5194669845 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 04.11.2026
Ansprechpartner
Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.
- Eline GammelsæterSeksjonsleiarEline.Gammelseter@helse-mr.no