Spesialkonsulent

BERGEN KATEDRALSKOLEBergen, Vestlandnavfeedveröffentlicht 12.11.2026

Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet. Skulen har omlag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:

  • Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
  • IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
  • Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1
  • Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
  • Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering

Går du med eit ønske om å jobbe på administrasjonskontoret på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stortsamfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette? Då har vi ein ledig stilling for deg på Bergen katedralskole!*

Arbeidsoppgåver i administrasjonen

Til administrasjonens oppgåver ligg mellom anna å

  • Handtere skulen/avdelinga sin resepsjon, telefon og postmottak
  • Administrere elevinformasjon, vitnemål og anna dokumentasjon i Visma In School
  • Bidra til eksamensgjennomføring og tilrettelegging for ulike prøver
  • Bestille varer og tenester i og utanfor Visma e-handel
  • Utføre diverse oppgåver i Visma enterprise og Visma HRM, som fakturabehandling og timeføring
  • Administrere skuleskyss
  • Vere skulen sin arkivar og superbrukar i Elements sak-/arkivsystem
  • Halde ved like og utvikle skulens nettside
  • Og ellers hjelpe elevar og tilsette med spørsmål og oppgåver der det trengs

Ønska Kvalifikasjonar

  • Bachelor innan økonomi og administrasjon - særskilt lang og relevant erfaring kan i visse høve oppveie krav til formell utdanning
  • Relevant erfaring
  • Gode IT-kunnskapar og erfaring med ulike system
  • Har du kjennskap til Visma In School, Elements, Visma enterprise eller andre av Vlfk sine it-system så er det ein føremon
  • Gode evner til kommunikasjon, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk

Er dette deg?

Har du stor arbeidskapasitet, er lettlært og sjølvstendig og har ei positiv innstilling?

Er du glad i utfordringar og likar å finne løysingar ?

Likar du å samarbeide med andre?

Er du omgjengeleg, god på relasjonar og til å sjå menneske?

Og har du vilje til, og ynskje om, og bidra til eit godt arbeidsmiljø?

Hos oss får du

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein interessant og variert arbeidsdag
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale/kvalifikasjonar

Kontaktinformasjon

Annike Gullestad, administrasjonsleiar, +47 95968501, anne.erika.gullestad@vlfk.no

Arbeidsstad

Kong Oscars gate 36 5017 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5204972694 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.04.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026

Ansprechpartner

Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.