Barne- og ungdomsarbeidar/ barnehageassistent

Bemanningssenteret, Helse Bergen HFBergennavfeedveröffentlicht 18.10.2026

Über das Unternehmen

Helse Bergen har eit eige Bemanningssenter som leverer eigne vikarar, både innan helsetenester og driftstekniske tenester.

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Aufgaben

  • Arbeid som barnehageassistent i alle dei fire barnehagane våre
  • Bidra til at barna får god omsorg, læring og utvikling
  • Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift i dei ulike avdelingane i barnehagen
  • Følge den daglege rytmen til dei ulike avdelingane i barnehagen
  • Arbeid både på små- og storbarnsavdelingar

Anforderungen

Vi søker deg som trivst å jobbe med barn og praktiske oppgåver. Du ønsker å gjere kvardagen til barna i barnehagen trygg og stabil. Ved å tilsette eigne vikarar, ønsker vi at barna i barnehagane våre i størst mogleg grad skal treffe tilsette som dei kjenner, og som er motivert til å jobbe med barna si utvikling og læring.

Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå barnehage
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • God kunnskap om hygiene

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og fleksibel - like omskiftande arbeidsstader
  • Meistre varierte arbeidsoppgåver
  • Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Evne å sette deg inn i dei ulike barnehagane sine rutinar og planar
  • Vise initiativ og ha evne til å sjå kva som må gjerast
  • Like å treffe nye kollegaer, barn og foreldre
  • Helse til fysisk krevande arbeid
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Wir bieten

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer
  • God opplæring
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst

Bewerbung

Oppstart i stillinga vil vere frå snarast. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Sonstiges

Den som blir tilsett må pårekne vakter med ulike start- og sluttider. Tidlegaste start er 06.45 og seinaste slutt er 17.00. Vi ser etter deg som likar varierte arbeidsoppgåver og har erfaring frå barnehage. Vi søker deg som set store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Samhandling med tilsette og barn krev gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner.

Kontaktinformasjon · Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755 · Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen

Referansenr.: 5196674551 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.11.2026

Ansprechpartner

Vom Arbeitgeber in der Anzeige genannt — für Fragen und deine Bewerbung.

  • Cathrine Fauske HaferkampSeksjonsleiar99426755