Fast helgestilling - Habiliteringstenesta

Alver kommuneAlvernavfeedveröffentlicht 26.10.2026

Über das Unternehmen

Som tilsett hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team med dyktige helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistenter, miljøterapeuter og andre fagpersonar. Saman sørger vi for at våre tenestemottakarar opplever trygge og gode dagar!

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Aufgaben

Arbeidsoppgåver

  • Skape føreseielegheit, tryggleik og struktur
  • Praktisk hjelp og bistand til tenestemottakarar
  • Samarbeide med andre instansar ved behov
  • Dokumentasjon i fagsystemet Profil
  • Ivaretaking av kapittel 9 vedtak

Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.

Anforderungen

Om stillinga Alver kommune søkjer etter assistentar til fast helgestillingar til habiliteringstenesta. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Om du ikkje har erfaring men interesse for faget kan du og søkje!

Kven er du?

  • Du er omsorgsfull og har eit ekte engasjement for å hjelpa andre.
  • Du er påliteleg og møter opp til avtalt tid og tek ansvar for arbeidsoppgåvene dine.
  • Du har gode kommunikasjonsevner og trivst å samarbeida med både kollegaer og tenestemottakarar
  • Du er fleksibel og taklar endringar og ulike arbeidsoppgåver med eit positivt sinn.
  • Du er løysingsorientert og tek initiativ når det trengst.
  • Du har evne til å skapa tryggleik og trivsel rundt deg.
  • Du har roleg og handterer stressande situasjonar på ein god måte.

Wir bieten

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Eigen avløning for sjukepleie, vernepleie og medisinstudentar
  • Sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff og vernepleiarar ligg 9000 over tariff
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Sonstiges

Aktuelle avdelingar

  • Kvassnesvegen bufellesskap

Avdelingsleiar: Ana Milena Opsanger

  • Skrenten avlastning

Avdelingsleiar (vikar): Signe Korsøen Tofting

  • Hannesvegen bustader

Avdelingsleiar: Maria Urhaug

  • Storhaugen bufellesskap

Avdelingsleiar: Therese Einmo Frantzen

  • Stallanemarka burettslag

Avdelingsleiar: Renate Nordahl

  • Bjørkhaugen og Kvernhusmyrane bufellesskap

Einingsleiar: Bjørg Konglevoll Lunde

  • Frekhaug bustader sone 2 / Bustølen og Grønland

Einingsleiar: Eva-Kristin Breistein Fanebust

  • Avlastningstenester for born og unge

Einingsleiar: Anu Singh

  • Prestbrekka bufellesskap

Einingsleiar: Lene Christensen

  • Frekhaug sone 1 / Ambulerande tenester

Einingsleiar: Marianne Bratshaug

Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede