Tilkallingsvikarar i barnehagane og skulen

VESTRE SLIDRE KOMMUNE OPPVEKST OG INTEGRERING ADMINISTRASJON· Innlandet· EURES· objavljeno 18. 05. 2026

Vestre Slidre kommune søkjer etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar ved Slidre kulturbarnehage, Røn naturbarnehage og Vestre Slidre skule for barnehage-/ skuleåret 2026/2027. Vi ser etter deg som er ein omsorgsfull og engasjert vaksen, ein som kan væra med på å bidra til ein god og meiningsfull kvardag for små og store.

Har du lyst til å jobbe med barn og unge, og ynskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Søknadar blir vurdert fortløpande, og aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på, og kva tidsrom du kan arbeide. Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko😊

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet i barnehage/ skule
  • Oppfølging og rettleiing av barn og elevar
  • Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og stimulerande leike- og læringsmiljø
  • Samarbeid med øvrig personale

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter assistentar, barne- og ungdomsarbeidarar, barnehagelærarar, lærarar og andre med relevant kompetanse
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg
  • Politiattest må framleggjast før oppstart

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, omsorgsfull og tydeleg
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er påliteleg og samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
  • Du bidreg med positiv energi og godt humør
  • Personleg egnaheit og motivasjon vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med stor betydning for barn og unge
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

KontaktinformasjonJanne Opheim, Rektor Vestre Slidre skule, 97602202, Janne.Opheim@vestre-slidre.kommune.no Grethe Våtsveen, Styrar Røn naturbarnehage, 97123190, Grethe.Vatsveen@vestre-slidre.kommune.no Kristin Bråten Tvenge, Styrar Slidre kulturbarnehage, 94803824, Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.no Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef, 99539117, stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.no ArbeidsstadSlidrevegen 16 2966 SLIDRE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5128967863 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 01.05.2027

Om arbeidsgiveren:

Andre opplysningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no