Helsefagarbeider på avdeling Juvike

Øystre Slidre kommuneØystre Slidrenavfeedzverejnené 24. 08. 2026

Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike? Avdeling Juvike er organisert under institusjonstenester på Øystre Slidre helsetun og er ei avdeling for personar med demens. Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med andre avdelingar. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.

Vi har eit vikariat som helsefagarbeider i 80% som er ledig frå no og eit vikariat i 90% som vil bli ledig frå haust 2026. Oppstart i stillingane kan avtalast nærare. Begge vikariata varer i ca 1 år.  Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og miljøarbeid Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg   Kvalifikasjonar Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeider Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan demensomsorg eller med erfaring frå arbeid innan fagfeltet Gode norskkunnskapar Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4 Personlege eigenskapar Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar  Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknologi Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg Nødvendig opplæring og rettleiing Kompetanseheving Opplæring i fagsystem Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søker melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP Kontaktinformasjon Anne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201 Arbeidsstad Bygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5171054922 Stillingsprosent: 80, 90% Vikar Søknadsfrist: 13.09.2026