Barnevernskonsulent

Volda kommune, Avdeling barnevernVoldanavfeedzverejnené 07. 09. 2026

Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Alle kommunene i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommuner. Det er to ledige 100 % stillingar som  barnevernskonsulent  Den eine er ei fast stilling, den andre er eit svangerskapsvikariat.  Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk på stillinga! Vi ber om at søkjar oppgir om ein søker på ei eller begge stillingane. 

Arbeidsoppgåver

Sakshandsaming etter barnevernslova Tverrfagleg samarbeid Sakshandsaming for nemnd og rett Deltaking i fagleg utviklingsarbeid Samarbeide i team Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast

Kvalifikasjonar Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter Ønskeleg med relevant vidareutdanning Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på Førarkort klasse B God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne Gode datakunnskapar Godkjent politiattest må leverast før tilsetting  Vitnemål og eventuelle attestar skal ligge ved søknaden i Webcruiter Personlege eigenskapar God kommunikasjonsevne som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidet Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Evne til å sjå moglegheiter, ta beslutningar og ansvar i arbeidet, samt gjere gode faglege vurderingar Evna til å kunne arbeide planmessig og strukturert Gode analytiske evner Kunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativ Evne til rask omstilling frå planlagt arbeid til akutt arbeid Bevisst eigne haldningar, verdigrunnlag og eigenpraksis Vi legg vekt på korleis søkjar vil utfylle personalgruppa elles Vi tilbyr Løn etter avtale Systematisk opplæring og rettleiing  Fleksitid Spanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø Løysingsorientert organisasjonskultur bygd på tillit og handlingsrom Inkluderande arbeidslivsverksemd God pensjonsordning Kontaktinformasjon Aina Øyehaug Opsvik, 40092789 Torill Osborg Vinjevoll, 48148857 Arbeidsstad Stormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5177838717 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Søknadsfrist: 23.09.2026