Meistringsteamet terapeut (Psykisk helseteam)

STRANDA KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON· Møre og Romsdal· EURES· zverejnené 01. 07. 2026

Her har du ein unik sjanse til å kombinere ei aktiv fritid med ein spennande arbeidskvardag i eit at Noregs flottaste naturområde!

Har du lyst til å vere med å vidareutvikle Meistringsteamet vårt (psykisk helseteam). Teamet vårt er på tilsaman 5 personar i 100% stillingar, der tre stillingar er retta inn mot vaksne og to stillingar er retta inn mot barn og unge.

Stillingane er lagt til eining for Barn, familie og meistring. I eininga ligg også helsestasjon, PPT Stranda og Fjord, barnevern Stranda og Fjord, Meistringsteamet (psykiatri/rusomsorg barn, unge og vaksne), innvandrar og flyktningtenesta og Frivilligsentral. Meistringteamet har tett samarbeid med andre kommunale tenester som Helsetenesta og eining for Habilitering/rehabilitering som har ansvar for ROP bustadar.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av menneske med lettare til alvorlege psykiske og/eller rus lidingar.
  • Tverrfagleg samarbeid innad i kommunen og opp mot helseforetak.
  • Vidareutvikle tilbodet innan det førebyggjande

terapeutiske tenestetilbodet i kommunen.

  • Gruppetilbod.
  • Innandørs og utandørs aktivitetar med målgruppene.
  • Ein må pårekne noko ukurant arbeidstid.
  • Rettleiie andre tilsette og tenester i kommunen ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3. årig helse- og/ eller sosialfagleg høgskuleutdanning.
  • Erfaring frå arbeid innan psykiatri/rus og anna relevant erfaring.
  • Aktuelle terapeutiske metodar som f.eks. kognitiv terpapi, EFT, familieterapi, gestaltterapi, sjelesorg o.l. vert vektlagt.
  • God datakunnskap - avdelinga nyttar systema profil og sampro.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Søkjar må beherske muntlig og skriftleg norsk.
  • Førarkort for personbil.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere påliteleg, initativrik, fleksibel, vere ein pådrivar, like å arbeide sjølvstendig og i gruppe, du er strukturert og har eit ynskje om stendig å tileigne deg ny kunnskap
  • Du har eit ynskje om å hjelpe våre brukarar til ein betre kvardag. Du er positiv, har godt humør og snur deg om på femøringen ved behov!

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg fagmiljø.
  • Utfordrande og varierete arbeidsoppgåver.
  • Opplæring i ulike metodar til bruk i arbeidet.
  • Gode kollegar og samarbeidspartnerar.
  • Veiledning frå kommunepsykolog og fagleiar.
  • Kartleggingsverty.
  • Konkuransedyktig lønn.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

KontaktinformasjonAina Holmberg, Einingelsiar, 46411065, aina.holmberg@stranda.kommune.no Camilla Roppestad Moen, Fagleiar , +4746411067, camilla.roppestad.moen@stranda.kommune.no ArbeidsstadØyna 13 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5150469258 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.