Helsefagarbeidar

Øysteseheimen langtidsavdelingKvamnavfeedpublicat 19.08.2026

Ynskjer du å gjera ein skilnad i eldreomsorga? Tenester for heildøgns omsorg søkjer engasjert medarbeider som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Me søkjer helsefagarbeider i 70% fast stilling  Oppstart snarast/etter avtale Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese.  Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom. Som tilsett hjå oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.

Arbeidsoppgåver Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutinar og prosedyrar  Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende Oppgåver knytt til pasientoppfølging  Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel Dagleg journalføring i Gerica Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar Er du nyutdanna eller lærling i helsefag siste lærehalvår vert du oppmoda om å søkja Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2 Gode kommunikasjonsevner Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter   Personlege eigenskapar Interesse for fagfeltet geriatri/demensomsorg Du er engasjert og positiv Tålmodig og god på samarbeid Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Kan formidla empati, visa respekt og omsorg Vi tilbyr Du får arbeida med erfarne og kjekke kollegaer Ein arbeidsstad i utvikling. Me utforskar stadig nye måtar å løyse oppgåver/oppgåvedeling og arbeid/arbeidsstid Individuelt tilpassa turnus så langt drifta tillet det Du får delta på relevante kurs og møter Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.    Kontaktinformasjon Anna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, +47 974 84 612 Arbeidsstad Skårdalsvegen 20 5610 Øystese Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5164726452 Stillingsprosent: 70% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026