Fyrstekonsulent - Voss politistasjon

VOSS POLITISTASJON· Vestland· EURES· publicat 29.07.2026

Om stillinga

I Vest politidistrikt, Geografisk driftsenhet Hordaland, er det på Voss politistasjon ledig ei fast stilling i 100 prosent som fyrstekonsulent (SKO 1408) med ansvar for pass, forvaltningsoppgåver, innyggjarkontakt og bistand i anna politioppgåver.

Voss politistasjon held til i ny politistasjon på Voss og har ansvar for alle politioppgåver for kommunane Eidfjord, Ulvik, Vaksdal og Voss.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Me ser etter deg som skal vere vår fyrstekontakt med innbyggjar som treng hjelp frå politiet. Difor må du vera glad i folk, god på å ta avgjersler og å kunne møte folk som treng hjelp til å løyse sine flokar i livet. Oppgåvene er varierte og det er forventa at du tek sjølvstendige avgjersler på vegne av politiet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling pass
  • Passadministrasjon
  • Forvaltningsoppgåver (hittegods, våpen, m.m.) og administrasjon av desse
  • Innbyggjarkontakt, også teneste på Kontaktsenteret (02800)
  • Bistand i politioppgåver, til dømes beslag
  • Bistand med fakturahandsaming og rekneskapsføring
  • Mottak og handsaming av førespurnader på telefon og epost.
  • Innkjøp og bestilling av forbruksmateriell
  • Stevnevitne
  • Notarius Publicus (offentleg godkjenning av underskrifter og kopierte dokument)
  • Andre oppgåver delegert av leiar

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • 3-årig vidaregåande skule eller fagbrev innan fagfeltet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, og søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskeleg med:

  • erfaring frå offentleg forvalting eller politiet
  • språkkompetanse i tillegg til nordisk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert i ein travel arbeidskvardag
  • Kunne arbeide sjølvstendig
  • Kunne møte innbyggjarar i vanskelege situasjonar
  • Serviceinnstilt i rolla som politiet sitt andlet utad

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Stillinga vert lønna som fyrstekonsulent (stillingskode 1408) med årslønn frå kr. 485.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
  • Gode arbeidsvilkår (dagtid, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, o.l)

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Om arbeidsgiveren:

Vest politidistrikt omfattar 38 kommunar i Vestland fylke og har om lag 609 000 innbyggjarar. Politidistriktet følgjer ikkje fylkesgrensene fullt ut, då kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.

Politidistriktet har om lag 1 300 tilsette, med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har kontor i Bergen, der også den felles operasjonssentralen er lokalisert.