Bu- og avlastingstenesta har ledige

SUNNFJORD KOMMUNE BUTILTAK PSYKISK HELSE· Vestland· EURES· publicat 22.06.2026

Bu- og avlastingstenesta yter tenester til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn 0-18 år. Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, pedagogar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Vi held til i eit nytt tilrettelagt og praktisk bygg i sentrum av Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Nokon bur fast i eigne leilegheiter, men dei fleste bur heime. Alle skal ha ein trygg og god oppfølging av oss når dei er her. Dei treng hjelp, rettleiing og trygge tolmodige tilsette som er støttande og ivaretakande. Vi følger barna til aktivitetar som bading, i trampolineparken, klatrehallen, Hafstadparken, skibakken og elles finn vi på rolege aktivitetar inne eller ute på avlastinga.

Vi søker ansvarsfulle og engasjerte assistentar til helgestilling. Stillingane passar godt for elevar/studentar som ønsker relevant erfaring innan helse, omsorg og oppvekstfag.

Vi har ulike typar vaktordningar; arbeid kvar 2. eller 3. kvar helg, mogelegheit for ein fast ettermiddag/kveld i veka kombinert med helg, ulike stillingskombinasjonar etter avtale.

Arbeidsoppgåvene:

  • sosialt samvær, leik og aktivitetar
  • praktisk bistand, stell og pleie
  • følge opp rutinar og planar.
  • skape tryggleik, struktur og forutsigbarheit.
  • bidra til meistring og gode opplevingar.

Vi søker deg som:

  • er påliteleg, ryddig og ansvarsfull
  • er engasjert og ynskjer gjere ein skilnad
  • du er omsorgsfull og glad i å arbeide med barn
  • respekt for den enkelte sine behov
  • tolmodig og trygg i møte med barn

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.