Einingsleiar plan, landbruk og teknisk, 100% vikariat

Gulen kommuneGulennavfeedpublicat 12.10.2026

Om stillinga

Gulen kommune søkjer ein engasjert og tydeleg einingsleiar til eit 100% vikariat i eininga plan, landbruk og teknisk (PLT) frå 01.02.2027 til om lag midten av november 2027. Kan verte mogleg med noko forlenging av vikariatet.

Som einingsleiar ved PLT får du ei sentral rolle i samfunnsutviklinga i kommunen. Du leier ei fagleg breitt samansett eining og bidreg både i det langsiktige planarbeidet og i arbeidet med å leggje til rette for berekraftig utvikling, aktivitet og verdiskaping i kommunen.

Gulen er ein kommune i utvikling, med eit ambisiøst næringsliv, lang kystlinje og rik og mangfaldig natur. Stillinga gir ei god moglegheit til å påverke utviklinga i kommunen i tett samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og fagmiljø.

Du blir ein del av kommunen sitt samla leiarforum og samarbeider tett med eining for eigedomsforvaltning og avdeling for innbyggjarservice. Eininga har ansvar for byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og landbruk, viltforvaltning, miljø, klima og forureining.

I dag har eininga ti tilsette. Organisering og oppgåver kan endre seg i takt med behova i kommunen. Vi ønskjer å byggje ei eining med brei kompetanse, godt samarbeid og god forståing for heilskapen i samfunnsutviklinga.

Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, trivst med å leie kompetente og motiverte medarbeidarar, og som handterer varierte oppgåver på tvers av fagområde.

Me tilbyr

  • Ein spanande og variert arbeidskvardag med viktige oppgåver for kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling, eigne initiativ og påverknad på eigen arbeidskvardag
  • Eit arbeidsmiljø med god digital kompetanse og fokus på utvikling av digitale løysingar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning og høve til noko heimekontor når arbeidsoppgåvene opnar for det
  • Løn etter avtale
  • Orientering i bustadmarknaden ved behov

Arbeidsoppgåver og ansvar

Som einingsleiar har du det overordna faglege, personalmessige og økonomiske ansvaret for eininga. I vikariatet skal du sikre god drift, framdrift og kontinuitet i arbeidet, i tett samarbeid med medarbeidarane og resten av kommuneorganisasjonen.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • fagleg leiing og utvikling av eininga
  • personal- og økonomiansvar
  • saksførebuing og oppfølging av saker til politisk behandling
  • å leie og delta i prosessar knytte til overordna planar, strategiar og utviklingsarbeid
  • dialog og samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og andre offentlege instansar
  • å bidra i digitalisering og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester
  • andre oppgåver som naturleg høyrer til stillinga

Vi ser etter deg som er motivert av å bidra til vidare utvikling av Gulen kommune. Du må kunne setje deg raskt inn i eit breitt ansvarsområde, skape god framdrift i sakene og sikre ei føreseieleg leiing av eininga gjennom vikariatperioden. Digitalisering er ei viktig satsing i kommunen, og du vil ha ei aktiv rolle i dette arbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan fagområde som bygg og miljø, arkitektur, juss, arealplanlegging eller tilsvarande. Relevant og lang erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for delar av utdanningskravet
  • Leiarerfaring frå eitt eller fleire av fagområda i eininga er ønskjeleg
  • God digital kompetanse og evne til raskt å setje deg inn i og ta i bruk nye digitale system
  • Kjennskap til plan- og bygningslova og anna relevant lovverk er ønskjeleg
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner på norsk
  • God forståing for offentleg forvaltning, sakshandsaming og politiske prosessar

Personlege eigenskapar

  • God rolleforståing og evne til å utøve tydeleg, trygg og fagleg forankra leiing
  • Engasjement for samfunnsutvikling og motivasjon for å bidra til vidare utvikling av kommunen
  • Strukturert og systematisk arbeidsform, med evne til å sikre god kvalitet og framdrift
  • Løysingsorientert, fleksibel og serviceinnstilt
  • Gode samarbeidsevner og evne til å byggje tillit og spele andre gode
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og samstundes bidra aktivt i eit leiar- og fagfellesskap

Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjing

Anna

Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar

Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Persoană de contact

Menționată de angajator în anunț — pentru întrebări și candidatura ta.