Tilkallingsvikar

BØ SKULE· Telemark· EURES· publicat 22.06.2026

Bø skule søkjer etter flinke og engasjerte tilkallingsvikarar som vil jobbe hos oss.

Om du er interessert i ein meiningsfull ekstrajobb, og har lyst til å bli kjend med trivelege barn og unge, og kollegaer, send oss ein søknad i dag. Vi tek kontakt fortløpande med aktuelle søkarar etterkvart som behovet oppstår.

Arbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for ei klasse eller enkeltelevar
  • Ha ansvar for elevar på SFO og i friminutt
  • Ha ansvar for elevar som treng ekstra tilrettelegging

Kvalifikasjonar

Ønska kompetanse

  • Lærarutdanning er ønskjeleg, men vi søker også lærarstudentar og barne- og ungdomsarbeidar/assistentar
  • Erfaring med barn og ungdom er ønskjeleg

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • God på relasjonsbygging
  • Tydeleg på leiing i klasserommet
  • Evner til å skape eit godt læringsmiljø
  • Gode pedagogiske kunnskapar
  • Fleksibel og med gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

KontaktinformasjonRuth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024 ArbeidsstadGamleveg 71 3802 Bø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5146778121 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026

Om arbeidsgiveren:

Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.