Kjøkkenassistent i Beito barnehage

Øystre Slidre kommuneØystre Slidrenavfeedgepubliceerd op 16-08-2026

Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv.  I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen.   

Øystre Slidre kommune har fått tilskott til "toppa bemanning" i barnehagen, og vi ønskjer å bruke tilskottet til å tilsetje ein kjøkkenassistent for barnehageåret 2026/2027. Stillinga er ledig frå dags dato og varer til og med 10.08.27. Stillinga er på 24% og har arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka. Arbeidstida er ved lunsjtid.

Arbeidsoppgåver Planlegge og tilbrede enkle måltid, i hovudsak lunsj Vaske og rydde opp etter måltid  Andre oppgåver kan vere aktuelle, med bakgrunn i erfaring og kompetanse til den som blir tilsett Kvalifikasjonar Vi stiller ingen  formelle utdanningskrav, og vi søkjer deg som har interesse for matlaging, kan lage enkle måltid og har  interesse for å jobbe med barn Om du har vore utanfor arbeidslivet ei periode, er du velkommen til å søke Du må ha grunnleggande norskkunnskapar og forstå beskjedar som blir gitt Det er krav om politiattest etter barnehagelova §30 Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar i tilsettinga Personlege eigenskapar Kunne samarbeide med og skape gode relasjonar til barn og vaksne i barnehagen Vere påliteleg og pliktoppfyllande Vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver Ha humor og glede i arbeidskvardagen Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljø der du er ønska i stillinga Lønn etter kommunal tariff Kontaktinformasjon Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955 Arbeidsstad Øyangsvegen 11 2952 Beito Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5164641809 Stillingsprosent: 24% Engasjement Søknadsfrist: 06.09.2026