Helge- og tilkallingsvikarar ved psykisk helse og rus

TIME KOMMUNE STAB ADMINISTRASJON· Rogaland· EURES· gepubliceerd op 19-09-2025

Vil du ha ein meiningsfull ekstrajobb? Har du lyst til å bruke ferie – eller ledige dagar elles i året – på å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte, meistring og omsorg? Time kommune søkjer no engasjerte tilkallingsvikarar innan psykisk helse og rus.

Hos oss får du: Verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Moglegheit til å bidra til at menneske får ein trygg og meiningsfull kvardag Me kallar inn til intervju fortløpande – så ikkje vent med å søke!

Slik søker du: Skriv i søknaden kva for ei avdeling du ønskjer å jobbe ved – og gjerne kvifor Oppgi om du søker som helgestilling, tilkallingsvikar – eller begge deler Merk om du ønskjer å jobbe dag/kveld/natt/langvakt.

Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag.

Våre avdelingar:

Rørvika omsorgsbustadar Heildøgns omsorgsbustadar for menneske med fysisk, psykisk og/eller kognitiv svikt. Turnus: dag/kveld/natt/langvakt Kontakt: avd.leiar Bjørg Bø McDowell, tlf. 958 18 646

Svertingstad/Kolheia bufellesskap Svertingstad: Døgnbemanna bufellesskap for menneske med samtidig psykisk- og rusliding Kolheia: Bufellesskap for menneske med psykiske lidingar Turnus: dag/kveld/natt/langvakt Krav: førarkort klasse B (manuell) og alder over 18 år Kontakt: avd.leiar Astri Rosland, tlf. 959 15 934

Meistringssenteret Gir oppfølging til menneske med utfordringar innan psykisk helse og/eller rus. Krav: førarkort klasse B (manuell) Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387

Svendsenhuset Dag- og aktivitetssenter som tilbyr eit variert aktivitetstilbod for personar over 18 år. Krav: søkar må vere over 18 år Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387

Dette er jobben for deg som er engasjert, fleksibel og ønskjer å bidra til eit varmare samfunn.

ArbeidsoppgåverSom vikar skal ein være med å gje nødvendig helsehjelp og stell etter dei retningslinjene som ligg føre i kvar avdeling.Kvalifikasjonar

Me treng fleire gode vikarar med ulik bakgrunn for eksempel:

  • offentlig godkjendt vernepleiar/sjukepleiar
  • helsefagarbeidar og hjelpeplaiar
  • sjukepleiar/vernepleiar studentar
  • elevar med helsefaglig bakgrunn
  • assistentar
  • Erfaringar fra arbeid innen helse og omsorg er ein fordel, men opplæring blir gitt.
  • Dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentra at du har tilsvarende B2 nivå
  • krav om politiattest
  • du forpliktar deg til arbeide i heile perioden du oppgjer

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

KontaktinformasjonAstrid Rosland, Avdelingsleder ArbeidsstadArne Garborgs veg 30 4344 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5016719283 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 31.12.2026

Om arbeidsgiveren:

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.