Helsefagarbeidar

Herøy kommuneMøre og RomsdalEURESgepubliceerd op 24-09-2026

Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for personar med demens? Vi har ledig ei 100 prosents fast stilling som helsefagarbeidar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskilt med individtilpassa miljøarbeid.

Arbeidstida er organisert i tredelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg med 12,5 timers vakter på helg. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:

seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining) seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidsoppgåver

  • pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim
  • individtilpassa miljøarbeid
  • utarbeide og fylgje opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
  • rettleie og samarbeide med pårørande
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • har vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
  • møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • har vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • likar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
  • har fokus på heilskapleg pasientforløp

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • fagdag i turnus
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
  • IA-bedrift

Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

KontaktinformasjonAne Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336 ArbeidsstadÅsvegen 13 6080 Gurskøy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5184600817 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026

Om arbeidsgiveren:

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !