Suldal sjukeheim søkjer etter nye kollegaer som kan tenkje seg ei helgestilling eller vere ringevikar sjå oss!

Suldal kommune Suldal sjukeheimSuldalnavfeedippubblikat 14/09/2026
Din il-pożizzjoni m'għadhiex irreklamata
Is-sors neħħa l-avviż — m'għadux possibbli li tapplika permezz tal-link oriġinali.

Me treng nye kollegaer som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet vårt. Suldal sjukeheim har behov for deg som kan tenkje deg ei helgestilling eller vere ringevikar sjå oss!

Våren 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rette for å kunne trivast! Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet Me har årsturnus

Om stillingane Stillingsstorleikar: arbeid kvar 3. helg eller etter behov Stillingstype: fast helgestilling eller ringevikar

Oppstart: snarest Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig

Arbeidsoppgåver Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen Kvalifikasjonar Personlege eigeskapar vil bli vektlagt Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt Gode datakunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Hjå oss i Suldal kommune får du Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP Bedriftshelseteneste Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk Nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysingar Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vere eldre enn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste Slik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00 Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her