Ringevikar lærar Årås skule

ÅRÅS SKULEVestlandEURESippubblikat 28/10/2026

Om selskapet

Om stillinga Årås skule treng ringevikarar skuleåret 2026/2027. Årås skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 270 elevar og 48 tilsette. Skulen er organisert i avdelingar, med ei avdeling for kvart hovudsteg. Vi har fokus på eit godt klassemiljø som føresetnad for eit godt og inkluderande læringsmiljø, og på tett oppfølging av elevane si læring og utvikling. Årås skule er ein PALS- og MOT-skule, der vi arbeider systematisk for å fremje eit trygt og inkluderande skulemiljø for alle elevar. Gjennom desse programma rettar vi positiv merksemd mot kvar enkelt elev og legg til rette for å styrkje sosial kompetanse, ansvarskjensle og tilhøyrsle. Målet vårt er å gjere elevane robuste og medvitne i møte med vala dei møter i kvardagen - både med tanke på eiga utvikling og fellesskapet.

Heim til Austrheim Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Om arbeidsgiveren Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver Læravikar 1.-10.trinn.

Krav

Kvalifikasjonskrav Godkjend grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn eller 5.-10. trinn. Søkarar med anna bakgrunn vert òg inviterte til å søke.

Utdanning frå utlandet må vere godkjend av NOKUT.

Godkjend politiattest i samsvar med opplæringslova må leggjast fram før tiltreding.

Kven ser vi etter? Vikarar som som skapar gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaar.

Vikarar som er fleksible og samarbeidsvillige i høve til dei arbeidsoppgåvene som til ei kvar tid oppstår.

Vikarar som styrkar læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbyte.

Vi tilbyr

Me tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidssmiljø.
  • Løn etter tariff.

Annet

Austrheim kommune har nynorsk som målform.

Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg