Helsefagarbeidar/Assistent
Om arbeidsstaden Område Vest er lokalisert på Voss Sjukeheim. Det er gangavstand til sentrum og togstasjonen. Avdelinga med ledige stillinger er ei langtidseining med 30 bebuarar delt på 2 etasjer. Stilling på natt er i heile langtidsavdelinga 3. og 4. etg. Stillinga har vakter 2. kvar helg. Alternativt 3. kvar helg på natt.
Me har ledig:
- Vikariat på 6 månadar i 100% stilling, med oppstart frå 04.01.27 evt. før.
- Ringjevikarar i 0% stilling
Me tilbyr
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Arbeidsoppgåver
- Pleiefaglege oppgåver, både omsorgsoppgåver og aktiv behandling.
- fleksibilitet som helsefagarbeidar.
- Natt-turnus, arbeid kvar 2. /3.helg
Me søkjer
- Deg med norsk autorisasjon og gode norskkunnskapar.
- Kunnskap og lyst til å arbeide med geriatri.
- Gode samarbeidsevner, evne til å tenke nye tankar, høg grad av fleksibilitet og gode kommunikasjonsevner.
- Omstillingsevne.
- Helsefagarbeidar, men manglande fagbrev kan vurderast, med relevant erfaring.
I tillegg må du ha stå på vilje, arbeidslyst, energi og ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet vårt. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Søknad Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.Heradert har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktinis asmuo
Nurodyta darbdavio skelbime — klausimams ir tavo kandidatavimui.
- Ranveig Dugstad41704924ranveig.dugstad@voss.herad.no