2 årig prosjektleiar ved Renovasjonen

ULLENSVANG KOMMUNE RENOVASJON· Vestland· EURES· paskelbta 2026-06-23

Ledig 2-årig stilling som prosjektleiar ved renovasjonsavdelinga, 100%.

Er du miljøengasjert, strukturert og har erfaring frå gjenvinningsbransjen? Då kan denne stillinga vere noko for deg!

Ullensvang Renovasjon driv innsamling og handtering av avfall frå hushaldningar, hytter og bedrifter i kommunen. Nye nasjonale krav til sortering og innsamling gjer at me no søker ein prosjektleiar som skal bidra til å effektivisere og tilpasse dagens løysingar i tråd med gjeldande regelverk.

Prosjektleiar vil ha kontorplass i vårt nye administrasjonsbygg på Lindenes Miljøstasjon, som ligg plassert ved RV13 mellom Odda og Tyssedal. Du blir del av eit team beståande av verksemdsleiar, avdelingsleiar, kundehandsamar og renovatørar.

Arbeidsoppgåver :

-

Gjennomføre tiltak frå kommunen sin handlingsplan for renovasjon for å auke utsortering og gjenvinning

-

Utarbeide og gjennomføre strategiar for tilpassing av innsamlingssystem for avfall i tråd med nye nasjonale krav

-

Analysere og planlegge for miljømessig og økonomisk effektivisering av arbeids- og innsamlingsrutiner

-

Informasjonsarbeid

Andre oppgåver kan bli delegert prosjektleiar etter behov.

Kvalifikasjonar for stillinga:

-

Bachelor/mastergrad i tekniske eller miljøretta fag

-

Erfaring frå gjenvinningsbransjen

-

God kjenneskap til data- og analyseverktøy som excel eller tilsvarande

-

Gode lese- og skriveferdigheiter

-

Må beherske norsk flytande skriftleg og muntleg

-

Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel

-

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar:

-

Må like å jobbe i team med andre, og ha interesse for fagfeltet

-

Ansvarsbevisst

-

Ha evne og vilje til fleksibilitet

-

Sjå mogelegheiter og løysingar, nytenkande og kreativ.

Me tilbyr:

-

Varierte arbeidsoppgåver

-

Lønn etter avtale

-

Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for heimekontor etter avtale

-

Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

-

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Sertifikat klasse B

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

  • ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49