Rettleiarar

Nav SveioSveio, Vestlandnavfeedpaskelbta 2026-11-23

Om arbeidsplassen Nav Sveio er eit lokalt Nav-kontor med 12 medarbeidarar og ein del av region Nav Sunnhordland. Hos oss blir du ein del av eit tett og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, kunnskapsdeling og engasjement for samfunnsoppdraget står sentralt. Saman med kollegaer i Nav Stord, Nav Fitjar, Nav Bømlo, Nav Kvinnherad og Nav Tysnes utgjer vi eit fagleg sterkt fellesskap som arbeider for inkludering, deltaking og fleire i arbeid.

Om stillinga I Nav Sveio møter me menneske med ulike ressursar, mål og utfordringar. Me trur på at dei fleste, med rett støtte og gode moglegheiter, kan finne sin plass i arbeidslivet. No ser me etter to engasjerte rettleiarar som deler denne trua og som ønskjer å bidra til at fleire kjem i arbeid eller utdanning.

Stillingane er knytt til oppfølgingsteamet, der du i hovudsak skal følgje opp personar som søkjer om eller får arbeidsavklaringspengar (AAP). Arbeidet handlar om å sjå moglegheiter saman med den enkelte, avklare behov og ressursar og finne gode vegar vidare mot arbeid, utdanning eller annan arbeidsretta aktivitet.

Som rettleiar får du ein variert arbeidskvardag med oppfølging, rettleiing og sakshandsaming. Du samarbeider tett med brukarar, arbeidsgivarar, behandlarar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Du må trivast med å møte menneske i ulike livssituasjonar og kunne balansere god relasjonsbygging med krav til framdrift, kvalitet og korrekt forvaltning.

Kva går jobben ut på?

  • kartleggje ressursar, moglegheiter og behov for oppfølging
  • følgje opp, rettleie og motivere brukarar med mål om arbeid, utdanning eller annan aktivitet, og vurdere aktuelle tiltak og verkemiddel som del av oppfølginga
  • samarbeide med arbeidsgivarar, helsetenesta, tiltaksarrangørar og andre aktuelle aktørar
  • gjere faglege vurderingar, sakshandsame og dokumentere etter gjeldande lovverk

Nav er i stadig utvikling, og arbeidsoppgåvene kan endre seg etter behov.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • gode digitale ferdigheiter
  • førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har

  • erfaring med oppfølging, rettleiing eller motivasjonsarbeid
  • kjennskap til arbeidsmarknaden og samarbeid med arbeidsgivarar
  • erfaring med koordinering og forståing for offentleg forvaltning

Kven er du?

  • du byggjer gode relasjonar og ser ressursar og moglegheiter hos menneske
  • arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta
  • tek initiativ og samarbeider godt med andre
  • er fleksibel og trivst med endring

Kvifor velje oss?

  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar. Lønsspennet er frå kr. 639 000 til 661 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Camilla Tranøy Forth, Kontorleiar, 976 92 224, camilla.tranoy.forth@nav.no

Arbeidsstad

Sveiogata 64 5550 Sveio

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5213434924 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktinis asmuo

Nurodyta darbdavio skelbime — klausimams ir tavo kandidatavimui.