Faste helgestillinger

Midt-Telemark kommuneTelemarkEURESpaskelbta 2026-09-16

På Sauherad Bygdeheim er me kollegaer som ønskjer å skape ein god arbeidskvardag for kvarandre – og gode dagar for bebuarane. Me jobbar med menneske i sårbare situasjonar, der dine handlingar er med på å utgjere ein forskjell, kvar einaste dag.

Bygdeheimen held til på Gvarv, som gir deg landlege omgivelsar i Midt-Telemark kommune. Her har me 16 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 3 øyeblikkeleg hjelp-senger, og institusjonen er bemanna døgnet rundt.

Jobben handlar om å sjå folk, byggje relasjonar og støtte kvarandre. Uansett om du er nyutdanna eller har vore i bransjen ei stund, får du jobbe tett med erfarne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar.

Kva du kan forvente:

  • Ein arbeidsplass prega av stoltheit for arbeidet
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Rom for humor og godt samhald mellom kollegaer
  • Langvakter i helgene
  • Eit team som stiller opp, uansett kva dagen bringer.

Om du ynskjer ein jobb du kan vere stolt av, der du får bruke både hjarte og fagkunnskap – då er dette staden for deg.

Arbeidsoppgåver

  • Daglig pleie og omsorg av pasientar
  • Dokumentasjon i profil
  • Legemiddelhåndtering
  • Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjon/kompetanse

  • Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B1 nivå)

Ønska kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeider er ønskjeleg
  • Søkarar uten autorisasjon kan òg bli vurdert for tilsetting som pleiemedarbeidar
  • Behersker data/iPad som verktøy, i tråd med dokumentasjonsplikta

Me ønskjer deg som

  • har erfaring frå arbeid innan helse, pleie og omsorg
  • er interessert i å arbeide innan pleie- og omsorgstenester
  • er ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig
  • samarbeider godt med kollegaer, brukarar og pårørande
  • bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og gode tenester
  • ønskjer å bidra til at bebuarar og brukarar opplever tryggleik og meistring

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er engasjert og positiv
  • møter menneske med respekt, omsorg og tolmod
  • er løysingsorientert
  • tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig
  • er open for læring og utvikling
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personelge eingenskapar vektleggast

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

KontaktinformasjonTone Asborg Nilsen, Avdelingsleiar, +47 90840927 ArbeidsstadSkrivarvegen 2 3810 GVARV Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5174849746 Stillingsprosent: 44, 47, 24% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026

Om arbeidsgiveren:

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.