Guide i Skipshelleren

Vaksdal kommuneVaksdalnavfeedpubblicata il 12/10/2026

Om stillinga

Stillinga som guide i Skipshelleren på Stamnes er sesongbasert og omfattar formidling til skuleklassar i mai og juni kvart år. Arbeidet inneber mellom anna å fortelle om historia og kulturminneverdien til Skipshelleren og bidra til ei god oppleving for klassane.

Stillinga har eit omfang på om lag 16 %, tilsvarande vanlegvis 1–2 dagar per veke i sesongen. Du kan i stor grad vere med og planlegge kva dagar du arbeider, i dialog med arbeidsgjevar og ut frå bestillingar og aktivitet.

Vi ser etter deg som er interessert i lokalhistorie og kulturformidling, trivst med menneske og kan formidle på ein tydeleg og engasjerande måte. Opplæring i innhald og praktisk gjennomføring vert gitt.

Arbeidsoppgåver

  • Ta i mot skuleklassar og gjennomføre undervisningsopplegg om steinalderen.
  • Formidle historia og kulturminneverdien til Skipshelleren på ein engasjerande og aldersretta måte.
  • Førebu og rydde etter undervisningsopplegg, og bidra til at besøket vert gjennomført på ein trygg og god måte.

Kvalifikasjonskrav

  • Ønskeleg med pedagogisk utdanning eller relevant erfaring.
  • Søkarar utan formell erfaring kan bli vurdert.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenesta nyttar nynorsk.
  • Trygg i bruk av digitale kommunikasjonsformer.
  • Krav om politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Er oppteken av formidling og trivst i lag med born og unge.
  • Brenn for kulturarven og at den skal vere relevant for framtidas generasjonar.
  • Er konstruktiv, kreativ og løysingsorientert.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vaksdal Kommune kan tilby

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

Referente

Indicato dal datore di lavoro nell'annuncio — per domande e per la tua candidatura.