Konsulent kontoradministrasjon
Om stillinga
Tussa søkjer ein positiv, serviceinnstilt og strukturert konsulent til kontoradministrasjonen. Stillinga er eit sentralt kontaktpunkt i Tussa og omfattar ansvar for sentralbord og resepsjon, i tillegg til oppgåver innan arkiv, dokumenthandtering, kommunikasjon og administrativ støtte.
Kontoradministrasjonen har fem medarbeidarar og er ein del av kommunikasjonsavdelinga i Tussa Kraft.
Tussa Kraft er morselskapet i Tussakonsernet og yter tenester innan økonomi, finans, innkjøp, berekraft, lønn/personal/HMS, kontoradministrasjon og kommunikasjon til dotterselskapa. Tussa Kraft har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune, og har 22 faste tilsette.
Vi ser etter deg som:
- Har godt humør og yter god service
- Er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
- Trivst med mykje kontakt med kundar, besøkjande og kollegaer
- Har god digital forståing og lett for å lære nye system
- Har interesse for arkiv- og dokumenthandtering
- Har særs gode nynorskkunnskapar og sans for godt språk
- Er fleksibel og samarbeidsorientert
Arbeidsoppgåver:
Som konsulent hos oss vil du mellom anna:
- Ha ansvar for sentralbordet i Tussa
- Bemanne og vidareutvikle resepsjonstenesta på Tussatun
- Ta imot kundar, gjestar og samarbeidspartnarar
- Handtere post og besøksrutinar
- Arkivere, journalføre og handtere dokument
- Medverke i førebuing og koordinering av styresaker
- Lese korrektur og kvalitetssikre dokument
- Bidra til at Tussa nyttar nynorsk på ein korrekt og profesjonell måte
- Yte brukarstøtte og administrativ støtte til organisasjonen
- Ha ansvar for innkjøp og lagerhald av profilartiklar
- Bidra i sponsorarbeid og koordinering av sponsoraktivitetar
- Oppdatere innhald på Tussa sitt intranett
- Utføre andre administrative oppgåver etter behov
Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer at du har:
- Utdanning innan kontorfag, service eller liknande
- Erfaring frå resepsjon, sentralbord, arkiv, kundeservice eller administrative oppgåver
- Gode IT-kunnskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk
Erfaring med Acos Websak+ er ein fordel, men ikkje eit krav. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein variert og sosial jobb i eit framtidsretta konsern
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og hjelpsame kollegaer
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktige vilkår