Tilkallingsvikar

HARAMSØY BARNEHAGEMøre og RomsdalEURESpubblicata il 16/11/2026

Vil du jobbe hos oss? Vi har behov for tilkallingsvikarer ved Haramsøy Barnehage

Haramsøy Barnehage er ein barnehage med ei avdeling med 17 barn som er delt i to grupper 1-2 år og 3-5 år. Vi har eit stort leikeområde ute og har kort veg til både skog, fjell og fjøre som blir nytta heile året. Vi har eit godt og stabilt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement.

I barnehagen vår søkjer vi deg som er aktiv, leiken, og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du oppteken av at barn skal få ein god oppvekst? Da ynskjer vi akkurat deg som vår nye kollega.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester og der vi alle arbeider etter visjonen "Framover i lag kvar dag" . Vi har fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til at kvart enkelt barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Gi omsorg, støtte og lytte
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Følgje opp rettleiinga ein får
  • Gjennomføre observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt
  • Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar
  • Melde avvik og komme med forslag til forbetring i Compilo

Kvalifikasjonar

  • Godkjent politiattest av nyare dato.
  • Jobbe i tråd med barnehagelova.
  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27
  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som har evne til å:

  • Jobbe sjølvstendig
  • Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass
  • Relektere over eige arbeid og søkje rettleiing ved behov
  • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
  • Samarbeide med andre tilsette

Personlege eigenskaper og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

KontaktinformasjonKari Rogne Kolseth, Styrar, 99371693, kari.rogne.kolseth@haram.kommune.no ArbeidsstedBarnehagevegen 66 6290 Haramsøy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5206539705 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 23.11.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 31.01.2027

Om arbeidsgiveren:

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.