Kokk m/fagbrev - 80 % vikariat i 1 år.

VESTNES KOMMUNE SENTRALKJØKKENET· Møre og Romsdal· EURES· közzétéve: 2026. 06. 15.

Vestnes sentralkjøkken har ledig eit vikariat i 80 % stilling for fagutdanna kokk. Det er moglegheit for fast stilling seinare. Stillinga har arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsstad Sentralkjøkkenet ligg i sentrum av Vestnes.

Sentralkjøkkenet er under renovering, og vi er difor mellombels lokaliserte ved aktivitetssenteret.

Arbeidsoppgåver -matproduksjon med diettar etter gitte krav (sensorikk, ernæring, hygiene og økonomi)- nytte kjøkkendataprogram som arbeidsverktøy dagleg

  • rullering av arbeidsoppgåver på dei ulike stasjonane
  • utføre arbeidet etter gjeldande lovverk, arbeidslister, dagsplanar og rutiner (herunder I.K.)
  • delaktig i menyval, arbeidsmetodar m.m.

Kvalifikasjonar- fagbrev som kokk

  • ha erfaring frå storkjøkken, institusjonkjøkken, relevant praksis
  • datakunnskap
  • beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/ B2
  • ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • du må være engasjert, ansvarsfull og fagleg forkusert
  • ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • det vert vektlagt at ein er personleg eigna
  • ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
  • ha god orden

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • løn i høve gjeldande avtaleverk
  • kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
  • pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

TillsettingsvilkårLøns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser Oppgi referanse

SøknadVestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Vestnes Sentralkjøkken ligg i sentrum med samlokalisasjon med institusjon og anna tenestetilbod. I produksjonen har vi fleire kokkar, men også matverter som yter teneste inne på helsehuset Stella Maris (institusjonsdel). Vi produsere mat inkludert spesialkost / diettar etter kok/server metoden. Tilberedning av desserter og kaker. Vi tilbyr variert, næringsrik og tilpassa kost til den einskilde som har behov for det. Vi leverer mat i institusjon, dagsenter og til heimebuande.