Kulturskulelærar

ULSTEIN KULTURSKULEMøre og RomsdalEURESközzétéve: 2026. 10. 27.

Om selskapet

Om arbeidsgiveren Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Arbeidsoppgaver

Undervise i kulturskulen i følgande fag

  • Slagverk
  • Musikkproduksjon
  • Gitar
  • Bass
  • Piano
  • Song

Krav

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i rytmisk musikk og relevant arbeidserfaring er ynskjeleg.
  • Godkjend pedagogisk utdanning (PPU eller tilsvarande)
  • Kompetanse innan musikkteknologi og musikkproduksjon
  • Undervisingserfaring

Relevant arbeidserfaring kan bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Du viser god evne til samarbeid over tid
  • Du er utadvendt og kommuniserer godt med elevar, føresette og kollegaer
  • Du kan arbeide sjølvstendig og med andre
  • Du held deg fagleg oppdatert
  • Du har evne til å motivere og skape engasjement
  • Du viser god gjennomføringsevne
  • Du er ein tydeleg klasseleiar og relasjonsbyggjar
  • Du kan nytte deg av handlingsrommet ditt som kulturskulelærar

Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

Vi tilbyr

  • Samarbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap
  • Gode undervisingslokalar
  • Løn etter HTA
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Søknad

Lurer du på noko om stillinga? Ta kontakt med rektor i kulturskulen for ein hyggeleg prat.

Annet

Vikariat i Ulstein kulturskule frå 19.01.2027-18.06.2027. Arbeidsoppgåver

Kontaktinformasjon Robert Pedersen Løkketangen, Rektor, +47 46822581 Arbeidsstad Reiten 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten Referansenr.: 5194575605 Stillingsprosent: 40% Vikar Startdato: 19.01.2027 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 15.11.2026