Pedagogisk leiar - 80% vikariat
Om selskapet
Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar, - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar. Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal. Stølane barnehage ligg i Erfjord, i Stølane byggefelt. Me er 44 barn og 16 tilsette fordelt på 3 avdelingar. Me har flott natur i nærområdet, med sjø og skog som me nyttar oss av i kvardagen. Me er opptekne av å skapa gode fellesskap, finna ro i kvardagen, språk og lesing, ta vare på naturen rundt oss og sunn og god mat som gjer kroppen godt. Me jobbar saman mot målet: «Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»Om stillinga:
Om arbeidsgiveren Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
- Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
- Møtedeltaking.
- Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
- Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
- Samarbeid med ulike instansar.
- Ansvar for vurdering og dokumentering.
Krav
Er du klar? Me treng deg!Kven ser me etter?*
- Du har godkjent barnehagelærarutdanning.
- Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna.
- Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.
- Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.
- Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.
- Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø.
Vi tilbyr
Kraftlaget – kva får du hos oss?Arbeidsmiljø* Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag. Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. Fleksibilitet og kvardagsliv Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
- Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner
- Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner
- Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner
Utviklingsmoglegheiter Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk. Bu i Suldal Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt.Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar. Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Bedriftshelseteneste
- Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Søknad
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her
Annet
- Stillingsstorleik: 80%
- Stillingtype: Vikariat
- Stilling ledig frå: 01.01.2027 til og med nytt barnehageår
Andre opplysningar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste