Vikariat som barnehagelærar

Voss herad Bulken barnehageVossnavfeedobjavljeno 02. 09. 2026.

Ledig vikariat som barnehagelærar 100 % i Bulken barnehage. Stillingen er ledig frå 10.september 2026 til 31.07.2027, med moglegheit til forlenging. Om arbeidsstaden Bulken barnehage ligg 8 km frå Voss sentum og er ein barnehage med 30 barn; med 2 avdelingar (1-3 år og 3-6 år). Barnehagen har leirplass med lavvo som den eldste avdelinga i barnehagen brukar. Stillinga er knytt til 1-3 års avdelinga. Har du godt humør, gode samarbeidsevner og trives i ein hektisk kvardag treng me deg. Me ser etter deg som er ein trygg, varm og engasjert vaksen er opptatt av leik, relasjonar, utvikling og læring kan ta ansvar og arbeide sjølvstendig, samtidig som du er ein god lagspelar bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Arbeidsoppgaver Som barnehagelærar vil du mellom anna ha ansvar for å: planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet bidra til eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø observere og følgje opp barna si utvikling og trivsel samarbeide tett med kollegaer og føresette bidra til eit godt samarbeid på tvers av avdelingane delta i og bidra til fagleg utviklingsarbeid Kvalifikasjonar Bachelor i barnehagelærarutdanning Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding

Søknad Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Link til søknadsskjema: Søk her