Skei omsorgssenter søker etter

SKEI OMSORGSSENTER· Vestland· EURES· objavljeno 22. 06. 2026.

Skei omsorgssenter er ein moderne og fagleg sterk institusjon med tre avdelingar.

  • Rehabiliteringsavdeling med 7 rehabiliteringsplassar og 1 palliativ plass
  • Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass
  • Skjerma eining med 7 plassar for personar med demens

Vi er ein aktiv del av ressurs-sjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, vi driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling, og vi har integrerte velferdsteknologiske løysingar som støttar kvardagsmeistring og trygge pasientforløp. Hos oss jobbar vi målretta for å vere ei levande og framtidsretta teneste, der fagutvikling står sentralt.

No søker vi deg som vil vere med å løfte oss vidare.

Vi har årsturnus, og for dei som ønsker det er det mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.

Vi har ledig:

  • 2 x 100 % fast stilling – sjukepleiar
  • 1 x 100 % fast stilling – helsefagarbeidar
  • 1 x 100% vikariat – sjukepleiar 15.08.26 – 01.09.27

I tillegg har vi helgestillingar på 14–30 % for helsefagarbeidarar, assistentar og studentar. Her kan du velge mellom 7,5-timers eller 12,5-timers vakter.

Krav til søkar:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
  • gyldig politiattest
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vi søker deg som:

  • er fleksibel, positiv og likar utfordringar
  • er engasjert, trygg og sjølvstendig i vurderingar
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere
  • trivst med å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • har motivasjon til å lære, utvikle deg og bidra til fag- og tenesteutvikling
  • skapar trivsel rundt deg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er nytenkjande, kreativ og open for utvikling

Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde.

Vi kan tilby:

-

  • engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande arbeidsmiljø
  • eit sterkt fagmiljø tett på pasientane
  • varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar i institusjon
  • moglegheit for alternativ turnus med langvakter
  • Kommunen gjev 35 000 over grunnløn for sjukepleiarar

Velkommen som søkar!

Du søker elektronisk.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.