Har du plass til èin til?

GISKE KOMMUNE STØTTEKONTAKTARMøre og RomsdalEURESobjavljeno 29. 10. 2026.

Om selskapet

Giske kommune søkjer ein trygg, omsorgsfull og engasjert privat avlastar for eit barn.

Om arbeidsgiveren null

Arbeidsoppgaver

Vil du vere ein trygg vaksen og gjere ein forskjell for eit barn - og samtidig vere ei viktig støtte for ein familie? Då kan du vere den vi søkjer!

Vi har behov for ein privat avlastar til eit konkret barn. Oppdraget passar for deg som ønskjer eit meiningsfullt og føreseieleg oppdrag, og som kan vere ein trygg og stabil

vaksen over tid. Avlastinga skjer i din eigen heim. Målet er å gi barnet gode opplevingar og tryggleik, samtidig som familien får nødvendig avlasting.

Krav

Du må ha gode munnlege norskkunnskapar. Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Vi ser etter deg som

  • har kompetanse og/eller erfaring innan helse, sosial eller pedagogisk retning
  • er trygg og stabil
  • er omsorgsfull, tålmodig og positiv
  • ønskjer å bidra til aktivitet, meistring og gode opplevingar
  • har plass og overskot til å ta imot barnet i heimen din

Vi tilbyr

Vi tilbyr

  • Lønn og vilkår etter gjeldande avtalar, inkludert utgiftsdekning
  • Rettleiing ved behov
  • Eit viktig og meiningsfull oppdrag der du kan bety mykje for både barnet og familien!

Søknad

Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vite meir om oppdraget!

Kontaktinformasjon Merethe Kristin Våge, Stabsleiar, +47 90080293 Arbeidsstad Valderhaug 4 6050 Valderøya Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5192425474 Stillingsprosent: 25% Anna Søknadsfrist: 13.11.2026

Annet

Omfanget på oppdraget er ei helg per månad (fredag til søndag), eventuelt også ein ettermiddag per veke på sikt.