Tilkallingsvikar barnehage, skule, sfo og kulturskulen

VANYLVEN KOMMUNE KULTUR- OG OPPVEKSTKONTORET· Møre og Romsdal· EURES· foilsithe 27/10/2025

Vanylven kommune treng tilkallingsvikarar i barnehage, skule, SFO og i kulturskulen.

Skriv gjerne nokon ord om kva som er staden å jobbe for deg (t.d. skule eller barnehage).

Søknader vert behandla fortløpande.

ArbeidsoppgåverPraktisk og pedagogisk arbeid med barn og unge i alder 0-16 år (i høve stillingsinstruks).Kvalifikasjonar

Døme på kompetanse vi er ute etter:

  • Pedagogisk eller anna relevant høgskule utdanning
  • Fagarbeiderutdanning
  • anna erfaring eller kompetanse

Det viktigaste er at du er ein tydeleg vaksenperson som bidrar til å skape ein trygg kvardag for borna i skule/barnehage/SFO/kulturskule i Vanylven kommune.

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg og møter til avtale
  • Du er ein tydeleg og trygg vaksen
  • Du er ein god kollega og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan stille på kort varsling
  • Du kan jobbe på fleire av einingane

Politiattest må leggjast fram før oppstart Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Spennande og varierte kvardagar
  • Moglegheit for eigenutvikling
  • Positivt og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Løn etter gjeldane tariff, gode pensjonsordningar
  • Kommuna kan etter avtale tilby overnatting på hybelhus
  • Viser ellers til Lønnspolitisk plan for Vanylven kommune

KontaktinformasjonSylvia Baade, Rektor Fiskå skule, 97030004, sylvia.baade@vanylven.kommune.no Tove Ekremsæter, Styrar Åheim barnehage, 91719006, tove.ekremsaeter@vanylven.kommune.no Lars Myklebust, Rektor Myklebust skule, 99311748, lars.myklebust@vanylven.kommune.no Åsgunn Stewart, Styrar Syvde barnehage, 90801663 Lena Landsverk Sande, Rektor Åheim skule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no Lars Jonasmo, Rektor vaksenopplæring og VAOA, 97501695, lars.jonasmo@vanylven.kommune.no ArbeidsstadFv2 158 6143 Fiskåbygd Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5031174981 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 21.10.2025 Sluttdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 31.07.2026

Om arbeidsgiveren:

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.

Velkomen til å søkje hjå oss!