Operatørar Rigg & Service, med og utan fagbrev
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?Vi ønskjer å styrke laget vårt med fleire operatørar og hjelpearbeidarar som vil vere med på å jobbe med avanserte skip og store prosjekt i eit miljø der samarbeid, fagleg stoltheit og kontinuerleg læring står sterkt. Kvar dag byr på nye utfordringar og moglegheiter til å utvikle deg saman med dyktige kollegaer som spelar kvarandre gode.
Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
- Stilasbygging
- Køyring av kran
- Intern transport
- Inn- og utdokking av skip
- Halde orden på anlegg og prosjekt under arbeid
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
- Fagbrev som Stilasbyggar er ønskjeleg
- Truckførarbevis T4
- Godkjend stillasbyggjar over 9 meter
- Kurs som maskinførar (M4)
- G3- og G4-krankurs
- Teleskoptruck C1 og C2
- Erfaring med høgtrykksvask
- Gode kommunikasjoneevner på norsk og/eller engelsk
Vi veit at motivasjon, engasjement og læringsvilje ofte er like viktig som erfaring. Har du ikkje alle kvalifikasjonane vi etterspør oppmodar vi deg likevel til å søkje.
Kvifor velje Ulsten som arbeidsplass
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Nødvendig opplæring og kompetanseheving
- Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
- Ein trygg og trivsam arbeidsplass med sterk lagånd
KontaktinformasjonAndreas Hatløy, Supervisor - Scaffolding, +47 47671301, andreas.hatloy@ulstein.com Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013, stig_b.slettebakk@ulstein.com ArbeidsstadOsnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 5170042138 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Om arbeidsgiveren:
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Daoine Teagmhála
Luaite ag an bhfostóir san fhógra — le haghaidh ceisteanna agus d'iarratas.
- Andreas HatløySupervisor - Scaffolding+47 47671301andreas.hatloy@ulstein.com
- Stig SlettebakkDepartment Manager Outfitting & Steel+47 91581013stig_b.slettebakk@ulstein.com