Surnadal sjukeheim: Tilkallingsvikarar

SURNADAL SJUKEHEIMMøre og RomsdalEURESfoilsithe 11/09/2026

HOS SURNADAL SJUKEHEIM*KAN DU FÅ ENGASJEMENT SOM TILKALLINGSVIKAR.**

Stillingane er fortrinnsvis på helg, men også i vekedagane.

Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.

Om oss:

Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsatt til ØHD ( Øyeblikkeleg Hjelp Døgnopphald). Nokre av våre ansatte har stillinga si, eller deler av stillinga si i ein Bemanningspool for sjukeheimen.

Studentar eller elevar som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning oppfordras til å søkje.

Skriv gjerne i søknaden om kva utdanning du evt er i gang med.

Ufaglærte kan og søkje.

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månadar, skal leggas fram før oppstart i stilling. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vi kan tilby:

-opplæring og fagutvikling

  • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • studentavlønning
  • kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ønsker:

-at du er interessert i å arbeide med folk

-er lærevillig og pliktoppfyllende.

  • har gode kunnskapar i norsk, både muntleg og skriftleg.
  • samhandlar godt med andre

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!

Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Sjukeheimen har pr i dag 58 bebuarrom, fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demensssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 rom. Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si o ein bemanningspool for sjukeheimen.