Vernepleiar
Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune? Psykisk helse og rus gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og-/eller rusmiddelbruk, samt funksjonsnedsetjing. Som ein del av tenesta skal du bidra til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sogndal kommune i form av oppfylging, behandling og førebygging. Dette inneber og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar. Avdelinga på Leikanger er bemanna på dag, kveld og natt og har turnus med langvakter, døgnvakter og nattevakter. Vi har ledig ei 100 % fast stilling med døgnvakt som vernepleiar innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Leikanger. Det er lagt opp pr i dag til arbeid i turnus 2-7-2-7-3-7, med vakter 4. kvar helg. Turnus kan bli endra. Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta generelt sett. Me oppmodar menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver og ansvar: . Planlegge og gjennomføre rehabiliterande og målretta miljøterapeutiske tiltak
- Praktisk bistand i daglege oppgåver og oppgåver knytt til drift av avdelinga
- Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen, samt med pårørande og spesialisthelsetenesta
- Medikamenthandtering
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
. Koordinatoransvar/ primærkontaktrolle
Kvalifikasjonar: . Autorisert vernepleiar . Erfaring frå turnusarbeid og døgnvakter vil vere ein fordel
- Erfaring frå arbeid evt. vidareutdanning innan habilitering/ miljøarbeid
- Førarkort klasse B
- Gode norsk kunnskapar
- Politiattest av nyare dato ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig
- Ha god relasjonskompetanse og samarbeidsevner
- Er fleksibel, audmjuk, tolmodig og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar
- Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd
Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.
Me tilbyr:
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging
- Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter tariffavtale
Kommunen vår er omfatta av den nasjonale distriktsordninga til Lånekassen, som betyr at du kan få sletta inntil 25 000 kr av studielånet ditt kvart år ved å bu og jobbe i kommunen vår.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Søk her