Avdelingsleiar ATO Lye skule

Lye skule, Time kommuneTimenavfeedfoilsithe 19/10/2026

Om selskapet

Lye skule har omtrent 300 elevar og 40 tilsette. Skulen har ei flott plassering i eit nærmiljø som er godt eigna for turar og uteskule. Visjonen vår er: "Lye skule, ein god stad å vera og ein god stad å læra".

Organisatorisk høyrer vi til i Timeskulen. Me er også med i leiarnettverket i Jærskulen saman med skulane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal.

Arbeidsgivar: Time kommune

Arbeidsoppgaver

Avdelingsleiaren skal leie ei avdeling med om lag 20 barn og rundt 25 tilsette med brei fagleg kompetanse innan pedagogikk, undervisning, helse og miljø.

ATO-avdelinga skal gje eit heilskapleg og individuelt tilrettelagt opplæringstilbod til elevar med omfattande og varige behov for tilrettelegging. Tilbodet skal bidra til at eleven får ei opplæring som er forsvarleg, meiningsfull og i tråd med prinsippet om barnet sitt beste.

Avdelinga vil delta i regionalt nettverk der tilsvarande skuletilbod i nabokommunane også deltek.

Som avdelingsleiar inngår du i ei leiargruppe saman med rektor og ein avdelingsleiar. Me ønsker ein kollega som ønsker å leia elevane og dei tilsette si læring og utvikling. Stillinga inneber i første omgang ansvar for etablering av ny ATO-avdeling.

Frå hausten 2027 vil stillinga innebera ansvar for den daglege drifta av avdelinga, inkludert administrative oppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid.

Som avdleingsleiar for ATO-avdelinga ved Lye skule vil du ha ansvar for:

  • personalansvar for tilsette i avdelinga
  • oppfølging av enkeltvedtak
  • koordinering mot PPT og andre instanser
  • samarbeid med føresette
  • bemanningsplanlegging
  • tverrfagleg samarbeid
  • HMS-ansvar

Om lag 50 % av stillinga vil vera knytt til undervisning.

Krav

Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning. Ønskeleg med vidareutdanning innan spesialpedagogikk og/eller vidareutdanning innan skuleleiing, eller at dette blir påbegynt innan to år.
  • God IKT-kompetanse.
  • Eit reflektert forhold til skulen sin pedagogiske profil
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, og kunna kommunisera presist og profesjonelt i møte med elevar, føresette, tilsette og samarbeidspartnarar.
  • Personlege eigenskapar og dokumenterte leiareigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Personlege eigenskapar Har god relasjonskompetanse, og evnar å handtera krevande personal- og elevsaker på ein trygg og profesjonell måte Arbeider strukturert og sjølvstendig, og tek initiativ til oppgåver som må følgast opp og gjennomførast Bidreg konstruktivt i leiargruppa, og er trygg nok til både å støtta og utfordra kollegaer Er utviklingsorientert og har god innsikt i læreplanarbeid, skuleutvikling og organisasjonsutvikling Kommuniserer klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg Ønsker å delta aktivt i nettverksgrupper i Time kommune og på tvers av kommunane i Jærskulen

Vi tilbyr

  • Ein etablert skule med tydeleg pedagogisk grunnsyn og høg fagleg kvalitet
  • Ei engasjert leiargruppe med rom for fagleg utvikling og eigne initiativ
  • Leiaransvar for dyktige medarbeidarar med stort engasjement og høg gjennomføringsevne
  • Tett samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i kontinuerleg utvikling
  • Lønn etter avtale samt gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gratis parkering og moglegheiter for kollektivtransport

Søknad

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Annet

Lye skule søker avdelingsleiar i 100% stilling til ATO-avdelinga som er planlagt å starta opp hausten 2027. Stillinga vil vere ein kombinasjon av 50% leiing og 50% undervisning.

Oppstart: snarast etter 01.01.2027.

Det må visast politiattest før ein tiltrer i stillinga

Kontaktinformasjon · Sigrid Hinnaland Kjetland, Rektor, +47 99046933 · Arbeidsstad Kvartsvegen 5B 4347 Bryne

Referansenr.: 5187759210 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026

Daoine Teagmhála

Luaite ag an bhfostóir san fhógra — le haghaidh ceisteanna agus d'iarratas.