Forskningssjukepleiar

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUSVestlandEURESfoilsithe 10/08/2026

Medisinsk poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig ei 40% prosjektstilling som forskingssjukepleiar i to år, med moglegheit for forlenging.

Det er eit nasjonalt mål å gi fleire pasientar høve til å delta i kliniske studiar og utprøvande behandling. Helse Førde arbeider målretta for å byggje opp ein god infrastruktur for dette, i tråd med nasjonale føringar.

Som forskingssjukepleiar blir du ein del av eit team som arbeider med å utvikle og gjennomføre kliniske studiar. Du vil bidra til at Helse Førde kan gjennomføre fleire studiar på ein effektiv, trygg og profesjonell måte.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging, kvalitetssikring og gjennomføring av kliniske studiar for ulike diagnosar
  • Oppfølging av pasientar som deltek i kliniske studiar
  • Vere koordinerande ressursperson for pasientar, pårørande og anna helsepersonell
  • Undervisning og rettleiing (til samarbeidande personale)
  • Polikliniske konsultasjonar med lege og eigne sjukepleiarkonsultasjonar
  • Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Sikre god kvalitet på studiedata gjennom god dokumentasjon og rapportering
  • Delta i utviklingsarbeid med omsyn til kliniske studiar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskjeleg med erfaring frå klinisk forsking, særleg kliniske studiar
  • Ønskjeleg med erfaring frå pasientbehandlig på sjukehus
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Initiativrik og engasjert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide på tvers av fagmiljø
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagd

Vi tilbyr

  • Nødvendig opplæring
  • Eit spanande og dynamisk arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring i forskningsspesifikke program
  • Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonLine Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5163420515 Stillingsprosent: 40% Engasjement Startdato: 07.09.2026 Sluttdato: 06.09.2028 Søknadsfrist: 31.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.